Lov om plantehelse.
§ 1. (Definisjonar)
§ 2. (Tiltak)
§ 3. (Opplysningsplikt)
§ 4. (Tilsyn)
§ 5. (Når påbod ikkje vert etterkome)
§ 6. (Melding)
§ 7. (Kontrollavgift)
§ 8. (Straff)
§ 9. (Tilbaketrekkjing av registrering)
§ 10. (Tvangsmulkt)
§ 11. (Endring i andre lover)
§ 12. (Ikraftsetjing. Overgangsordningar)
DATO: 23.06.2000 nr. 53
DEPARTEMENT: LD (Landbruksdepartementet)
Ot.prp. nr. 39, Innst.O. nr.
76 og Besl.O. nr. 110 (1999-2000). Odels- og lagtingsvedtak hhv. 13. og 16.
juni 2000. Fremja av Landbruksdepartementet.
Oppheving av følgjande lov:
Lov 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot
plantesjukdommar og skadedyr på planter.
Endring i følgjande lov:
Lov 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer.
§ 1. (Definisjonar)
I denne lova meiner ein med:
§ 2. (Tiltak)
Departementet fastset kva slags
planteskadegjerarar som til kvar tid skal gå inn under denne lova, og kan påby
naudsynlege tiltak for å motverke og hindre spreiing av slike. Departementet
kan m.a. med dette føremål:
Departementet eller den
tilsynsmakt det gjev vedtak om kan i særlege tilfelle gjere unntak frå, forbod
eller påbod med heimel i denne paragrafen. Ved unntak skal departementet setje
dei nærare reglar og vilkår som er naudsynlege.
§ 3. (Opplysningsplikt)
Eigar eller brukar av fast eigedom, som har
kjennskap til eller mistanke om at det på eigedomen finst planteskadegjerarar
som lova gjeld for, har plikt til straks å melde frå om det til Statens
landbrukstilsyn (Landbrukstilsynet), fylkesmannen eller kommunen. Om melding
blir gjeve til fylkesmannen eller kommunen, skal meldinga utan opphald gjevast
vidare til Landbrukstilsynet.
Er det mogleg, skal det sendast med ei prøve
til gransking.
Den som eig eller overdreg fast eigedom,
pliktar ved sal, bortpaktning eller bortleige å opplyse den andre parten før
avtale vert gjort om offentlege pålegg etter § 2 bokstav g.
§ 4. (Tilsyn)
Departementet fastset kven som skal føre
tilsynet med denne lova og dei føresegner som er gjevne med heimel i lova.
Tilsynet kan krevje framlagt alle naudsynlege opplysningar, og skal ha uhindra
tilgjenge til fast eigedom, gartneri, lagerrom, utsal, maskinar, reiskapar, transportmiddel
og emballasje og til andre stader eller innretningar i virksomheten.
Tilsynet har rett til utan vederlag å ta ut
prøver til gransking, og kan gje påbod om mellombels rådgjerder som det meiner
er naudsynleg å setje i verk straks for å hindre vidare spreiing.
Departementet fastset om dei tiltak som vert
påbodne etter denne lova skal utførast av vedkomande eigar eller brukar eller
av andre som vert godkjende til det.
§ 5. (Når påbod ikkje vert etterkome)
Forsømer eigar eller brukar å etterkome påbod
gjevne etter denne lova, kan departementet etter særskilt varsel få arbeidet
utført for hans rekning. Kravet om refusjon for utgiftene er tvangsgrunnlag for
utlegg.
§ 6. (Melding)
Melding om dei forbod og påbod som vert
gjevne etter § 2 til eigar eller brukar av eigedom, skal sendast i rekommandert
brev til dei personar vedtaket vedkjem dersom ikkje føremålet med vedtaket
tilseier at melding vert gjeven på annan måte. Der det er vanskeleg å gje
meldinga rekommandert, kan denne lysast ut i lokalblad og ved oppslag på
høvelege stader i vedkomande distrikt.
§ 7. (Kontrollavgift)
Til å dekkje utgifter til kontroll med
produksjon, omsetning, innførsel og utførsel av planter og andre smitteberande
emne etter denne lova, kan departementet påleggje vedkommande produsent,
handlande, importør eller eksportør å betale avgift eller gebyr. Departementet
kan òg påleggje gebyr ved import av brukte landbruksmaskinar for å dekke
utgifter til kontroll med at maskinen er fri for smitte. Avgifta eller gebyret
kan fastsetjast i form av takstar ved registrering eller for det einskilde
kontrolltiltaket, og/eller på grunnlag av areal, mengd, vekt eller verdi av dei
varene som blir produserte, omsette, innførde eller utførde.
For utferding av sertifikat og anna dokument
om plantehelse, kan det fastsetjast eit gebyr som vert å betale av den
handlande eller eksportøren.
Departementet gjev nærare reglar om utrekning
av avgiftene og gebyra og om oppkrevjing og innbetaling og om at det skal
betalast rente av avgift og gebyr som ikkje er innbetalt i rett tid.
Avgiftene og gebyra er tvangsgrunnlag for
utlegg.
§ 8. (Straff)
Den som bryt denne lova eller dei føresegnene
som er gjevne eller som vert haldne ved lag med heimel i denne lova, vert
straffa med bøter dersom strengare straff ikkje er føreskriven etter den
vanlege borgarlege straffelova.
§ 9. (Tilbaketrekkjing av registrering)
Ved grove eller gjentekne brot på føresegner
gjevne i eller i medhald av denne lova, kan departementet trekkje attende
registrering gjeven i medhald av § 2 bokstav a. Departementet kan fastsetje at
slik attendetrekkjing medfører forbod mot innførsel, utførsel, produksjon eller
omsetning av planter og anna smitteberande emne.
§ 10. (Tvangsmulkt)
For å sikre at pålegg gjeve i eller i medhald
av lova blir følgt opp, kan den som har gjeve pålegget ileggje tvangsmulkt.
Tvangsmulkta byrjar å løpe dersom den ansvarlege ikkje gjennomfører pålegget
innan ein frist som er sett for gjennomføringa av pålegget, og vil løpe så
lenge det ulovlege forholdet varer.
Tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg.
Departementet kan fråfalle krav på påløpt tvangsmulkt.
§ 11. (Endring i andre lover)
I lov 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer,
skal ny § 5a lyde:
Ved forhold i strid med bestemmelser gitt i
eller i medhold av denne lov, eller vedtak gjort i medhold av denne lov, kan
departementet eller den det bemyndiger gi pålegg om tiltak for å rette det
ulovlige forholdet innen en nærmere fastsatt frist.
For å sikre at pålegg etter første ledd blir
gjennomført, kan den som har gitt pålegget ilegge tvangsmulkt. Tvangsmulkten
begynner å løpe dersom den ansvarlige ikke gjennomfører pålegget innen den
frist som er fastsatt, og løper så lenge det ulovlige forhold varer.
Tvangsmulkten er tvangsgrunnlag for utlegg.
Departementet kan frafalle krav på påløpt tvangsmulkt.
§ 12. (Ikraftsetjing. Overgangsordningar)
Denne lov tek til å gjelde straks. Samstundes
held lov frå 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på
planter opp med å gjelde.
Føresegner gjevne etter den nemnde lova gjeld
framleis til dei held opp med å gjelde eller vert endra etter den nye lova.
[TILBAKE]