§ 1. Kven forskrifta gjeld
Forskrifta gjeld for den konsesjonspliktige trålarflåten som har høve til å ta del i fisket etter torsk med trål, jf. forskrift av 12. desember 1986 nr. 2185 om tildeling av løyve til å drive fiske med trål, §§ 2-1, 3-1 og 4-1.
§ 2. Føremål
Ordninga med einingskvote har som føremål å tilpasse fangstkapasiteten til ressursgrunnlaget for trålarflåten nemnt i § 1.
§ 3. Einingskvote
Årskvota for fiske etter torsk og hyse med trål nord for 62° N, jf. forskrift om tildeling av løyve til å drive fiske med trål §§ 4-1, 2-1 og 3-1, kan delast i einingskvotar.
Ein einingskvote skal setjast lik ein stortrålarkvote, (kvotefaktor 1,0).
Einingskvoten for fartøy med mindre enn ein heil stortrålarkvote, (kvotefaktor mindre enn 1,0), blir fastsett i høve til fartøya sin kvotedel i torsketrålfiske pr. 31. desember 1995.
§ 4. Grupper
Trålarflåten skal etter denne forskrifta delast i følgjande grupper:
§ 5. Samarbeidande reiarlag/samanslutningar
Samarbeidande reiarlag er to eller flere reiarlag som har etablert eit eigarfellesskap utan å dele styringsorgan og administrasjon.
Samanslutning mellom to eller fleire reiarlag er eit eigarfellesskap der reiarlaga deler same administrasjon og styringsorgan.
Forma for samarbeid må godkjennast av Fiskeridirektoratet.
§ 6. Reiarlag som kan tildelast einingskvote
Eit reiarlag som eig eller blir eigar av to eller fleire fartøy og som i 1995 hadde trålkonsesjon og var tildelt kvote av torsk og hyse nord for 62° N, kan etter søknad tildelast einingskvote eller del av ein einingskvote.
To eller fleire reiarlag innan ein region, som begge eller alle disponerer fartøy som nemnt i første leden, kan gjere avtale om samanslutning eller samarbeid som nemnt i § 5, og tildelast einingskvote på same måte som fleirbåtsreiarlag etter første leden. Fiskeridepartementet fastset mindre regionar der samanslåing eller samarbeid kan skje utfra omsynet til tilførselen av råstoff til ein region eller eit eller fleire landanlegg.
Ein stortrålar kan ikkje disponere meir enn 2 einingskvotar. Ein småtrålar kan ikkje disponere meir enn 1,1 einingskvotar. Eit reiarlag, ei samanslutning eller fleire samarbeidande reiarlag kan ikkje disponere meir enn 9 einingskvotar.
Einingskvoten kan ikkje overdragast.
§ 7. Vilkår for tildeling av einingskvote for fartøy som er teke ut av fisket
Einingskvote eller deler av ein einingskvote etter § 7, kan tildelast når:
Fiskeridirektoratet kan etter søknad gi løyve til samanslåing mellom gruppene som nemnt i § 4 bokstav b og c. Det kan setjast vilkår ut frå regionale omsyn, vilkår som sikrar tilførsel av råstoff til det distriktet det uttekne fartøyet er heimehøyrande og vilkår som tek omsyn til tilførsel av råstoff til eit eller fleire landanlegg.
Fartøy som nemnt i § 4 første leden bokstav b og c og som har fått løyve til samanslåing, kan ikkje leggje om til ombordproduksjon.
Einingskvote kan tildelast utan at tilleggskonsesjoner på det utmelde fartøyet må oppgis som nemnt i første leden bokstav c. Ved avgjerda skal det leggjast vekt på om oppgivelse av tilleggskonsesjoner vil stride mot distrikts- og fiskeripolitiske målsettinger.
Einingskvote kan tildelast årleg i inntil 13 år.
Fiskeridirektoratet kan fastsetje nærare vilkår for tildeling av einingskvote.
§ 8. Regional binding
Tildeling av einingskvote eller deler av ein einingskvote til fartøy heimehøyrande i Sør-Noreg kan ikkje skje som følgje av uttak av fartøy heimehøyrande i Nord-Noreg (Finnmark, Troms eller Nordland). Dette gjeld likevel ikkje ved samanslåing innan gruppa som nemnt i § 4 første leden bokstav a.
Etter denne forskrifta er eit fartøy heimehøyrande der det er registrert pr. 1. januar 1996, jf. lov av 5. desember 1917 nr. 1 om registrering og merkjing av fiskefartøy § 4.
§ 9. Delegasjon
Fiskeridirektoratet gjer vedtak etter denne forskrifta.
§ 10. Ikraftsetjing og anna
Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 1997 og gjeld til og med 31. desember 1998.
Fartøy teke ut seinast 31. desember 1998, kan tildelast einingskvote
til og med 31. desember 2011.