1997-02-06 nr 0106: Forskrift om samanslåingsregionar
innanfor einingskvoteordninga for torsketrålarflåten.
Forskrift om samanslåingsregionar innanfor einingskvoteordninga for
torsketrålarflåten.
Fastsett av Fiskeridepartementet 6. februar 1997 med heimel
i lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvassfiske m.v. § 5a, jf. forskrift
av 11. oktober 1996 nr. 974 om einingskvoteordning for torsketrålarflåten
§ 6 andre leden. Endret 15 mai 1998 nr. 483.
§ 1. Tildeling av einingskvote for reiarlag med fartøy
i gruppene nemnt i forskrift av 11. oktober 1996 nr. 974 om einingskvoteordning
for torsketrålarflåten § 4 første leden bokstav
b og c kan skje når det uttatte og det attverande fartøy er
heimehøyrande i anten:
-
1. Nordland sør for Vesterålen og Lofoten
-
2. Vesterålen
-
3. Lofoten
-
4. Troms
-
5. Vest-Finnmark
-
6. Aust-Finnmark
Fiskeridepartementet kan i særlege høve tillate samanslåing
mellom regionane nemnt i første leden. Det skal leggjast vekt på
om slik samanslåing vil vere i samsvar med ei rimeleg regional fordeling
av flåten og råstofftrongen til landindustrien i dei aktuelle
distrikta.
0 Endra 15 mai 1998 nr. 483.
§ 2. Denne forskrifta trer i kraft straks.